Økonomi- og finansdirektør (CFO) i Tussa
Vi søkjer ein økonomi- og finansdirektør (CFO) som kombinerer strategisk blikk med økonomisk presisjon – ein modig leiar som inspirerer, utfordrar og byggjer tillit.
Om Tussa
Sidan 1949 har Tussa vore ein sentral aktør på Sunnmøre, og er i dag eit leiande energi- og teknologikonsern på Nord-Vestlandet. Med hovudkontor i Ørsta arbeider vi for å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar, til det beste for menneska og lokalsamfunnet.
Med solid lokal forankring bidreg vi til ei berekraftig utvikling av regionen.
Tussa Kraft er morselskapet i konsernet, som leverer administrative støttefunksjonar til dotterselskapa.
Om stillinga
Er du ein strategisk og forretningsorientert leiar med økonomisk teft? Vi søkjer ein visjonær, kommunikativ og handlekraftig CFO til ei nyoppretta nøkkelrolle i konsernleiinga. Stillinga er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida til Tussa gjennom innsiktsbasert økonomistyring, analysar, aktiv deltaking i strategiske avgjerder og leiing av konsernet sin økonomifunksjon.
Som CFO får du ei sentral rolle i utviklinga av konsernet sin økonomiske struktur, sikre god styringsinformasjon og leggje til rette for lønsam vekst og berekraftig utvikling. Du vil vere ein aktiv sparringpartnar og bidra med tydeleg retning, analyse og rådgjeving på tvers av verksemdsområda.
Hovudansvarsområda dine vil vere:
- Overordna ansvar for økonomifunksjonen, inkludert finansiell rapportering og konsernkonsolidering, men også vidareutvikling av funksjonen
- Utarbeide finansielle risikovurderingar, analysar og prognoser som grunnlag for strategiske avgjerder
- Aktiv rådgjevar og sparringpartnar i strategiarbeidet
- Bidra aktivt til forretningsstyring og vidareutvikling av forretningsmodellar og lønsemdspotensial på tvers av verksemda
- Ivareta heilskapleg risikostyring og internkontroll innan økonomi og finans
- Ta del i større kontraktsforhandlingar, investeringssaker og M&A-prosessar
- Ansvar for rapportering og kommunikasjon internt og eksternt på det finansielle området
Vi søkjer ein kandidat med:
- Relevant erfaring frå tilsvarande rolle, fortrinnsvis frå konsern
- Erfaring med transaksjonar (M&A), forretningsutvikling og langsiktig finansiell planlegging
- God innsikt i risikovurdering, analysearbeid, økonomisk styring og strategiarbeid
- Forståing for skatt og regulatoriske forhold
- Gode evner til å formidle økonomiske analysar på ein enkel og forståeleg måte
- Høgare utdanning innan økonomi/finans
Bakgrunn frå energibransjen er ikkje eit krav, men du må kunne setje deg raskt inn i regulatoriske og skattemessige forhold i bransjen.
Vi legg stor vekt på at du:
- Har høg integritet og er etterretteleg
- Er analytisk og har strategisk tenkjemåte
- Er dynamisk, utviklingsorientert og søkjer kontinuerleg forbetring
- Har gode samarbeidsevner, forretningsforståing og evner å sjå heilskapen
- Har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
- Ei nøkkelrolle med reell involvering i og innverknad på Tussa sine vegval og utvikling, i tett samarbeid med resten av konsernleiinga
- Eit attraktivt selskap med engasjerte kollegaer og ei bransje i utvikling med eit viktig samfunnsoppdrag
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit solid og veletablert konsern
- Konkurransedyktige vilkår
- Attraktive pensjons- og forsikringsordningar
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Er du den CFOen vi søkjer? Send oss søknaden din med CV og ei kort skildring av kvifor du er den rette for stillinga.
Kontaktpersonar for stillinga:
Wenche Kjerstad, senior rådgiver Converto AS, tlf: 907 20 545
Olav Osvoll, adm. dir Tussa Kraft, tlf: 952 90 117
Nina Melle Scharning, organisasjonssjef Tussa Kraft, tlf: 991 68 007
- Avdeling
- Tussa Kraft
- Steder
- Hovdebygda
- Søknadsfrist
- 5. juni 2025

Økonomi- og finansdirektør (CFO) i Tussa
Vi søkjer ein økonomi- og finansdirektør (CFO) som kombinerer strategisk blikk med økonomisk presisjon – ein modig leiar som inspirerer, utfordrar og byggjer tillit.
Laster inn søknadsskjema